Aktuelt

No items found.

Nyheter

No items found.

Fellesaktivitetar

Turné

I løpet av skuleåret prøver vi å få til korte, lokale og gjerne regionale turnear med konsertar. Desse turane gir elevane verdifull erfaring med å stå på scena i ulike settingar, møte nytt publikum og kjenne på fellesskapen som oppstår når ein er på reisefot saman. Målet er alltid å dele musikken vidare – og skape minne som varer.

Les mer

Studietur

Skulen har som mål å reise på studietur om våren, slik at elevane får oppleve verda utanfor Manger og få relevant erfaring knytt til den linja dei går på. Gjennom møte med nye miljø, kulturar, fagpersonar og inspirerande arenaer får elevane eit større innblikk i kva moglegheiter som finst der ute – både fagleg og menneskeleg.

Les mer

Konsertar

I løpet av skuleåret held me ei rekkje konsertar – både stemningsfulle huskonsertar på skulen og større framsyningar på ulike scener i Bergen og omland. Her får alle som vil, høve til å høyre oss. For elevane gir dette verdifull sceneerfaring: dei får stå fram, prøve seg i ulike settingar og oppleve gleda av å dele musikken sin med publikum. Det er læring, meistring og musikalske augeblink som varer lenge.

Les mer

Vårfest

Kvar vår slepp vi sambaen laus på Manger folkehøgskule! Ei heil veke er sett av til vårfest, og i år – som alltid – inviterer vi barneskular i nærmiljøet til ei fargerik og musikalsk oppleving. Elevane og lærerene våre står på scena med energi og spelglede, og Storsalen fyllest av rytmar, begeistring og glade barnerøyster. I fjor hadde vi 400 barn på besøk. Vi gler oss til Vårfesten!

Les mer

Elevstyrte aktivitetar

I løpet av skuleåret skjer er det mange sosiale aktivitetar på Manger folkehøgskule – og mykje av det er elevstyrt. Stipendiatane og elevrådet arrangerer fleire kjekke aktivitetar, men det er òg alltid rom for at for at kvar enkelt sjølve foreslår og set i gang det dei har lyst til. Her er terskelen låg, og entusiasmen stor!

Les mer

Haustfest

Hausten markerer vi med vår årlege Haustfest – den store foreldrefesten der føresette kjem for å hente ungdommane sine heim til haustferie og få eit innblikk i alt dei har opplevd så langt. Kvelden startar i Storsalen, der Musikk, bu og fritid og Rytmisk musikk byr på ei stemningsfull og variert konsertoppleving.

Les mer