
Sagt om skulen
Vi har hatt mange flotte og engasjerte elevar gjennom åra. Dei er våre aller beste ambassadørar – og her deler nokre av dei sine eigne ord om tida på skulen.
Søk om skuleplass
Lydia Haugan Helland
Rytmisk Musikk
2014-2015
Kva har Manger folkehøgskule betydd for deg?
På Manger folkehøgskule kjende eg for første gong at eg var på den rette skulen for meg. Året på Manger sit igjen som eit varmt og godt minne for resten av livet.
Kvifor vil du tilrå andre musikkinteresserte ungdommar å gå på Manger?
Eg sat så pris på å vere i eit miljø med mange andre musikkinteresserte elevar og gode, hyggjelege, lærarar. Rommet mitt var prima, og elles hadde me mange gode lokale å øve i, og opphalde oss i. Eg fekk spele låtane mine med fullt band, og vart sikker på at eg skulle ta vidare musikkstudiar.
Kva synest du om fagtilbodet?
Fagtilbodet var breitt, artig og lærerikt- alt frå høyrelære til instrument- og studioteknikk.
–Hjarteleg helsing, Lydia ❤️

June Bræin
Rytmisk Musikk
2020-2021
Kva har manger folkehøgskule betydd for deg?
Manger folkehøgskule betyr eit år fylt av latter, glede, venner for livet og moglegheita til å utvikle seg og halde på med det ein elskar.
Kvifor vil du tilrå andre musikkinteresserte ungdommar til å gå på manger folkehøgskule?
Eg vil tilrå alle med ei musikkinteresse å gå på Manger folkehøgskule fordi dei har så brei kompetanse på dei aller fleste sjangrane, og du får utvikla deg med ein perfekt kombinasjon av fagleg utfordring og mykje morro.
Kva synest du om fagtilbodet?
Fagtilbodet er utruleg godt, lærarane har ein enorm kompetanse, dei er veldig behjelpelege og ein opplever at dei oppriktig bryr seg om deg og det du vil jobbe med. I tillegg får ein fri tilgang på utrulege fasilitetar og ressursar når ein går der, som er veldig kult!

Magnus Bergo Kvam
Musikk, Bu & Fritid
2024-2025
Året mitt på Manger utviklet jeg meg mye. Jeg ble mer selvstendig, og lærte mye om meg selv og andre og fikk mer sosial kompetanse. Mange muligheter til å bedre meg selv. Året på Manger var fantastisk, og har du interesse for musikk, ta sjansen og søk på Manger!

Marcel Arendt
Musikk, Bu & Fritid
2022-2023
Eg hadde det kjekt på Manger. Eg lærte å være med folk og spela musikk og har vært sosialt også lærte eg å vær sjølvstendig men det som eg likte best det er å lage låter med Vegard og sett på mykje filmer med Sigve også ikkje minst vært på tur med dåke i Danmark, kjekke folk. Hei Philip! Siden dette er elev frå Musikk, bu og fritid så endrer eg ikkje på skrivefeil. Enig eller uenig? Legger bildet i mappen din.
