God kvardag

Felles ansvar
Bademuligheiter
Skulen er fint plassert mellom mange flotte badeviker – perfekte for eit forfriskande avbrekk! Like ved skulen ligg Toskavegen med fleire idylliske badeviker, samt Mangerpollen, Nesvatnet og Skutevika. I tillegg finn du ei rekkje fine badeplassar berre ein kort tur unna. Enten du føretrekk salt sjø eller stille vatn, finn du alltid ein badeplass innan kort avstand frå skulen.
Radøyhallen
Som elev på Manger folkehøgskule har du tilgang til nesten alt i Radøyhallen, som ligg like ved skulen. Her finn du idrettshall, 25-meters symjebasseng med 28 grader, og eit eige terapibasseng på 34,5 grader. Hallen blir brukt til både trening og arrangement, og har i tillegg Ungdommens Hus og ei innandørs skytebane (krev eige tilskot). Her ligg alt til rette for både aktivitet og avkopling!
Padlemuligheiter
Manger byr på flotte opplevingar frå vatn og sjø! Ved Skageneset, nord for Manger, finn du eit friluftsområde med gapahuk og tilgang til robåt og kano. Du kan òg padla til Byngja, der ei dagsturhytte venter – perfekt for ein pause med utsikt.
Vil du utforske meir, kan du låne kajakk gratis i BUA på Manger og padla Radøy rundt, eller ta turen til Storavatnet på Holsnøy for rolege naturopplevingar på vatnet.
Fiske
Her finst eit eldorado for deg som likar å fiske! Alver kommune har ei lang og variert kystline med mange gode fiskeplassar – både i sjø og ferskvatn. Langs kysten kan du prøve fiskelykka ved Fosnstraumen, Toskavegen, i Lurefjorden. For ferskvatn fiske finst fleire gode vatn. Her kan du få alt frå gjedde og aure til røye og laks. Hugs å kjøpe fiskekort eller innhenta løyve frå fiskerettshavar før du startar fiske. Les meir om fiske i området på alver.kommune.no
Turområder
I nærleiken finn du mange fine turar – frå lette til luftig! Mangerløypa er ei lett universelt utforma rute til Nesvatnet. Meir utfordring byr Nøttveitveten og Morkefjellet på, flotte toppturar med gapahukar, turbøker og fantastisk utsikt. Om du likar litt ekstra mål og meining med turen, kan du bli med på Stolpejakten.
Korps
Korps står sterkt i Nordhordland og Bergensregionen. Det er særs mange lokale korps, på nær sagt alle nivå, som du kan spele i på fritida. Skulen hjelper deg med å få kontakt med aktuelle korps. Dette gjeld uansett kva linje du går på, og her finnes både brassband og janitsjarkorps. Manger Folkehøgskule samarbeider tett med fleire av desse korpsa, og alle desse tilbyr gratis konsertinngang på mange konsertar gjennom skuleåret.
Fotball
Om du er glad i fotball kan du vere med på både organisert og uorganisert fotball. På Manger held Radøy FK til, og du er velkomen til å delta på treningane deira. Du kan òg samle elevar og spele fotball i Radøyhallen på skulen si tilmålte tid – perfekt for eigentrening og hyggekampar!
Livsmestring
Livet på folkehøgskule handlar ikkje berre om fag og aktivitetar, men også om å utvikla viktige ferdigheiter som formar oss som menneske. Livsmeistring er kjernen i denne prosessen, og på folkehøgskulen får du høve til å læra og veksa på fleire område.

Konfliktløsning
Konfliktløysing er ein naturleg del av kvardagen når ein bur og jobbar tett saman med andre. Her lærer du å møta usemje med openheit og respekt, finna gode løysingar og ta ansvar for å skapa eit trygt og inkluderande miljø.

Kommunikasjon
Kommunikasjon er nøkkelen til å forstå kvarandre og byggje gode relasjonar. På folkehøgskulen øver du på å uttrykkje deg tydeleg og lytta aktivt, noko som styrkar både venskap og samarbeid.

Sjølvstendig
Sjølvstende blir utfordra og utvikla gjennom det frie og ansvarlege skulemiljøet. Du lærer å ta eigne val, planleggje kvardagen og stå på eigne bein – ferdigheiter som gir tryggleik og meistringskjensle.

Samarbeid
Samarbeid er nødvendig for å få kvardagen til å fungere, både i gruppeprosjekt og i den daglege fellesskapen. Gjennom samarbeid lærer du å verdsetje andre sine styrker, bidra aktivt og byggje lagånd.

Ansvarskjensle
Handlar om å ta eigarskap til eigne handlingar og bidra til fellesskapen. På folkehøgskulen får du ansvar for deg sjølv og andre, noko som gir ei verdifull erfaring i personleg vekst og samfunnsdeltaking. Gjennom desse sidene av livet på folkehøgskule blir du betre rusta til å møta framtida med tryggleik, respekt og gode relasjonar.
