Studietur

Studieturane til Brassband, Rytmisk musikk og Musikk, bu og fritid er vel gjennomførte – og elevane sit att med mange sterke opplevingar og ny inspirasjon 🎶

Brassband
Brassbandlinja reiste på studietur til Yorkshire i England. Under opphaldet deltok elevane på to konsertar: ein saman med Boarshurst Silver Band på Boarshurst Band Club, og ein i Halifax Minster saman med Elland Silver Band. Begge konsertane vart store musikalske opplevingar.

Elevane fekk òg høyre ei øving med det verdskjende Black Dyke Band, noko som gjorde sterkt inntrykk. I tillegg opplevde dei musikalen om sjølvaste Tina Turner. Eit høgdepunkt for horngruppa var inspirerande speletimar med Sheona White.

Rytmisk musikk
Rytmisk musikk reiste til London – ein by rik på historie, kultur og musikalsk arv. Her fekk elevane ei rekkje spennande opplevingar: besøk på British Museum, filmoppleving på BFI IMAX og omvising i ikoniske Royal Albert Hall.

Turen baud òg på konsertopplevingar, besøk på det interaktive Paradox Museum og lange vandringar gjennom kjende gater og bydelar der elevane fekk kjenne på det pulserande storbylivet. Eit av dei store høgdepunkta var besøket ved legendariske Abbey Road Studios – ein stad med heilt spesiell betydning i moderne musikkhistorie. Dette vart ein tur fylt med inspirasjon, læring og uforgløymelege augneblink 🌍

Musikk, bu og fritid
Musikk, bu og fritid reiste til Stockholm, der elevane fekk mange flotte opplevingar saman. Programmet inkluderte besøk på ABBA The Museum og Avicii Experience, samt tur til Gamla Stan med Det kongelige slottet og Riksdagshuset.

I tillegg stod båtsightseeing, musikalen & Julia, restaurantbesøk, vandring i shoppinggatene og utforsking av storbyen på programmet. Turen gav både fellesskap, nye inntrykk og gode minne – ei oppleving elevane vil ha med seg vidare 🎭✨

Musikk, bu og fritid
Rytmisk musikk
Brassband