Musikk & Media

Om linja

Ser du lyd i bilete – eller bilete i lyd? På Musikk og media kan du utforska sampelet mellom musikk, film og visuelle uttrykk. Her lærer du å formidla historier gjennom lyd, bilete og rørsle – frå idé til ferdig prosjekt.

Du får innføring i filmmusikk, medieproduksjon, komponering, lydteknikk, film- og fototeknikk, redigering, dramaturgi og sosiale medium. Du kan fordjupa deg i Filmmusikk eller Medieproduksjon, alt etter kva du brenn for.

Les merSøk om skuleplass

Meir om linja

Studietur

Musikk og media reiser på studietur saman med Rytmisk musikk. Dei siste åra har turen gått til London, medan dei i fjor besøkte Kraków. Der fekk elevane oppleve spennande musikkmiljø, profesjonelle studio og ikkje minst det sterke historiske perspektivet ved å vitje ein av konsentrasjonsleirane.
Studieåret 25/26 går turen tilbake til London for å ta pulsen på det levande musikkmiljøet i byen.

Gjestar - Masterclass

Kvart år inviterer vi aktuelle gjester med ulik mediekompetanse. Målet er å utvide horisonten til elevane og gi dei innblikk i mediemiljøet utanfor skulen. Vi har starta eit samarbeid med filmkomponist, Morten Rognskog, som vil vera gjestelærar på Musikk og media.

Les mer

Utstyr

Skulen har eit rikt utval av profesjonelt instrument og utstyr. Det meste er knytt til dei ulike linjene, men utstyret er tilgjengeleg for alle etter behov.

Div stativ

Iphone 15 Pro

2HIYUN smooth 4 X 2

DJI Osmo Mobile 6

Mac Studio M1 Max

Zoom Am7 for Iphone X 2

Zoom Am7 for Android X 2

Zoom H4n Pro X 3

Canon EOS 6D Mark II X 2

Adobe Creative Cloud

No items found.
No items found.
No items found.
No items found.
No items found.

Zoom Am7 for Iphone X 2

Zoom Am7 for Android X 2

Zoom H4n Pro X 3

Adobe Creative Cloud

Iphone 15 Pro

Canon EOS 6D Mark II X 2

Mac Studio M1 Max

2HIYUN smooth 4 X 2

DJI Osmo Mobile 6

Div stativ

Linjeaktivitetar

Filmmusikk – Musikk og media

Drøymer du om å laga musikk til film, spel eller andre visuelle uttrykk? På Filmmusikk lærer du å komponera og bruka lyd til å forsterka stemning, forteljing og uttrykk.

Du får innføring i komposisjon, musikkproduksjon og lyd til bilete, og jobbar praktisk med eigne prosjekt – frå idé til ferdig resultat.

Les mer

Medieproduksjon – Musikk og media

Er du ein som ser bilete når du høyrer musikk – eller høyrer musikk når du ser bilete? På Medieproduksjon får du utforska korleis lyd, film og forteljing kan smelta saman til sterke uttrykk.

Les mer

Bilder fra linja

No items found.

Lærarar

No items found.