Ledig stilling – BPA-assistent

Ein av elevane våre for skuleåret 2026/27 søkjer assistentar til BPA-teamet sitt for å kunne gå på Manger folkehøgskule. Ho er 19 år og har stor interesse for musikk.

Som BPA-assistent blir du hennar «auge og hender» og ein viktig støttespelar i kvardagen. Du vil bidra til at ho kan delta i skulelivet, vere sosial og få mest mogleg ut av folkehøgskuleåret.

Du blir tilsett hos Humana.

Sjå den utfyllande søknadsteksten for meir informasjon om stillinga, arbeidsoppgåver og korleis du kan søkje.

https://jobb.humananorge.no/jobs/8192715-musikkinteressert-19-aring-soker-bpa-team-for-folkehoyskole