Siste skuledag

Og så var siste dag av skuleåret her –markert med ein heilt fantastisk avslutningskonsert!

For ei avslutning dette vart. Elevane leverte musikkopplevingar av aller høgaste klasse, og publikum fekk verkeleg kjenna gåsehuda breie seg.

I Manger kyrkje vart det både vakkert og mektig med ensemble, brassband, slagverk, kor og til og med ei uroppføring. Tonane fylte kyrkjerommet og skapte ei heilt spesiell stemning. I storsalen fekk vi oppleva alt frå rock til sterke balladar, og foten gjekk taktfast gjennom heile konserten. For ein utvikling elevane har hatt gjennom året – både musikalsk og menneskeleg.

Denne gjengen har vore heilt fantastisk å få bli kjend med, og vi kjem verkeleg til å sakna dei.

Tusen takk for no!

I Manger kyrkje
I Storsalen