Brassband

Om linja
Du som har slite ut nokre sko i skulekorpset, og er klar for meir; på Brassbandlinja får du akkurat det: meir musikk. Dyktige lærarar sørgjer for variert og inspirerande undervisning tilpassa deg og det nivået du har nådd med instrumentet ditt. Samspel med dei andre elevane – i små og store ensemble – pågår heile tida.
Unik linje!
Som den einaste folkehøgskulen i landet kan Manger folkehøgskule tilby eit år på brassbandlinje. Her kan du dyrke, studere, og ikkje minst kose deg med hobbyen din gjennom eit heilt skuleår.
.webp)
Meir om linja

Studietur
Brassbandlinja reiser til vanleg på studietur til brassmusikkens heimland, England. Med base i Huddersfield reiser ein til ulike arrangement og institusjonar i Yorkshire og Lancashire. Ein dag på Royal Northern College of Music i Manchester pleier å stå på menyen. Det same gjeld besøk til ulike toppkorps i regionen. Brassbandet speler også 2-3 konsertar sjølve på turen, ofte saman med andre korps.

Gjestar - Masterclass
Brassbandlinja nyt godt av eit stort kontaktnett i Noreg, men også rundt omkring i Europa. Me får jamleg besøk av topp gjestedirigentar som jobbar med profesjonelle orkester, militærkorps og dei aller fremste brassbanda i verda.
I tillegg har me i løpet av eit skuleår ei lang rekkje fantastiske gjesteforelesarar på ulike brass-/slagverksinstrument. Me er også så heldige at mange ulike ensembler ynskjer å spele konsertar hjå oss, slik at me får servert fantastiske konsertar i alle sjangrar i storsalen.
Utstyr
Skulen har eit rikt utval av profesjonelt instrument og utstyr. Det meste er knytt til dei ulike linjene, men utstyret er tilgjengeleg for alle etter behov.
Schimmel Konzert elektrisk flygel
Mac Studio M1 Max
Zoom Am7 for Iphone X 2
Zoom Am7 for Android X 2
Zoom H4n Pro X 3
Adobe Creative Cloud
Conn 62H Basstrombone
Conn 88H tenortrombone
JP Alttrombone
JP Bb Kornett
Getzen Bb kornett
Besson Bb Kornett
Yamaha Flygelhorn x 2
Yamaha Eb Kornett
Piccolo trompet Bb og A
Bach C-Trompet
Natur trompetar X 2
Courtois Bb-Tuba
Sovereign Eb-Tuba
Yamaha Eb-Tuba
Besson Euphonium
Prestige Euphonium
Sovereign Baritone
Besson Althorn
Sovereign Althorn
Slapstick
Marsjstortromme
Woodblock
Cabasa
Temple blocks
Chimes
Vibraslap
Claves
Regnstav
Slide fløyte
Tamburim x 2
Triangel
Guiro
Spring guiro
Shaker
Maracas
Kubjelle
Castagneter
Sleighbells
Tamburin
Cymbaler
Trommesett
Konsert toms x 4
Clash cymbaler
Konsert skarp
Klokkespel
Rørklokker
Timbales
Bongos
Congas
Grand Cassa
Gong
Vibrafon
Xylofon
Marimba
Pauker x 4
Conn 62H Basstrombone
Conn 88H tenortrombone
JP Alttrombone
JP Bb Kornett
Getzen Bb kornett
Besson Bb Kornett
Yamaha Flygelhorn x 2
Yamaha Eb Kornett
Piccolo trompet Bb og A
Bach C-Trompet
Natur trompetar X 2
Courtois Bb-Tuba
Sovereign Eb-Tuba
Yamaha Eb-Tuba
Besson Euphonium
Prestige Euphonium
Sovereign Baritone
Besson Althorn
Sovereign Althorn
Slapstick
Marsjstortromme
Woodblock
Cabasa
Temple blocks
Chimes
Vibraslap
Claves
Regnstav
Slide fløyte
Tamburim x 2
Triangel
Guiro
Spring guiro
Shaker
Maracas
Kubjelle
Castagneter
Sleighbells
Tamburin
Cymbaler
Trommesett
Konsert toms x 4
Clash cymbaler
Konsert skarp
Klokkespel
Rørklokker
Timbales
Bongos
Congas
Grand Cassa
Gong
Vibrafon
Xylofon
Marimba
Pauker x 4
Schimmel Konzert elektrisk flygel
Zoom Am7 for Iphone X 2
Zoom Am7 for Android X 2
Zoom H4n Pro X 3
Adobe Creative Cloud
Mac Studio M1 Max
Linjeaktivitetar

Samspel
Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. I løpet av ei veke har me 2-4 fellesøvingar. Musikkutvalet er saman med dirigenten med på å bestemme kva som skal spelast på dei ulike prosjekta . I løpet av året deltar brassbandet mellom anna på kveldskonsertar saman med lokale korps, turnéar, og ikkje minst vår eigen julekonsert og avslutningskonsert. Kanskje finst det også tid og lyst til å delta på ein konkurranse?

Rullerande besetning
Besetninga i brassbandet rullerer, det vil seie at ingen har ein fast plass gjennom heile skuleåret. I staden har ein 4 – 5 ulike besetningar slik at kvar og ein får variasjon og får prøvd seg på ulike stemmer. I tillegg til øvingane med brassbandet får du spelt i mindre ensemble, på fellestimar med di eiga instrumentgruppe, åleine med akkompagnatør og på einetimar med læraren din.

Ensemble
I ensembletimane spelar ein i besetningar frå duett til større ensemble på 10-12 personar. Målet er at ensembla skal klare å styre seg sjølve, men det er alltid lærarar tilgjengelege i prosessen.

Fellestimar
I fellestimane, 2 timar pr. veke, spelar du saman med di eiga instrumengruppe under leiing av instrumentallærar. Ein jobbar med alt som høyrer til i basisspelet, til dømes skalaer, fleksibilitet og samspel.

Spel med huspianisten!
Kvar veke har du også høve til å spele med skulen sin akkompagnatør. Her kan du prøve ut solostykker i samspel med pianist, enten du førebur deg til prøvespel eller berre har lyst å kjenne på det å spele saman med pianokomp.

Einetimar
Manger folkehøgskule gir deg eit unikt tilbod om enkelttimar på instrumentet ditt. I løpet av året får du heile 21 enkelttimar saman med topp kvalifiserte instrumentallærarar. Me jobbar ut frå nivået du er på og strekkjer oss så langt du har lyst og kapasitet til. Sidan folkehøgskule er ein eksamensfriskule er det din eigen motivasjon til å bli betre som driv deg. Kva som vert arbeidd med og kor langt ein vil nå er mykje opp til deg og din vilje til arbeid mellom timane.
Bilder fra linja


.webp)









