Ein stor takk til vår internat- leiar

Vår kjære internatleiar og rektorassistent, Anne-Kari Sylta, har no hatt sin siste arbeidsdag ved skulen.

Medan elevane framleis var samla på Manger, fekk vi høve til å heidre og takke Anne-Kari for den fantastiske innsatsen ho har lagt ned gjennom heile 42 år ved skulen. No har ho gått av med pensjon og gitt stafettpinnen vidare til Hilde Villanger, som tek over som internatleiar i 50 % stilling.

Gjennom alle desse åra har Anne-Kari vore ein trygg og omsorgsfull vaksenperson for generasjonar av elevar. Med varme, omtanke og stort engasjement har ho sett spor etter seg i skulemiljøet og i menneska rundt seg. Ho har også vore ein uvurderleg kollega og medarbeidar for dei tilsette.

I samband med markeringa overrekte rektor Viggo Bjørge ei gåve frå alle tilsette, medan styreleiar Hillevi Rundshaug kom med blomar. Begge heldt fine og røyrande talar som setje ord på den store betydninga Anne-Kari har hatt for skulen gjennom alle desse åra.

Tusen takk for alt du har gitt til Manger folkehøgskule. Vi ønskjer deg alt godt i pensjonisttilværet og kjem til å sakne deg.

Styreleiar Hillevi Rundshaug
Avtroppende internatleiar Anne-Kari Sylta og styreleiar Hillevi Rundshaug.
Rektor Viggo Bjørge og Anne Kari Sylta