Internatliv

Mykje samam - lite åleine

Når du flyttar til Manger folkehøgskule, får du ein heim borte frå heimen. Her bur og lever du tett saman med andre, og du er sjeldan åleine – det er alltid elevar rundt deg og minst ein vaksen til stades, også etter skuletid og om natta.

Dei fleste bur på dobbeltrom, og kvardagen delast med medelevar: du et, øver, ler og lever saman med folk du kanskje aldri blir elles hadde møtt. Det gir tryggleik, fellesskap – og venskap som varer livet ut.

Søk om skuleplass

Om internatet

Dei fleste internatromma ligg i same bygg som matsalen og peisestova, og vart totalrenoverte i 2011. Skulen har 34 dobbeltrom og 5 enkeltrom, alle lyse, trivelege og med eige bad med dusj og toalett.

Romma er praktisk innreidde med seng, skrivepult, stol, hyller og garderobe. Dobbeltromma er mellom 14–22 m², medan enkeltromma er 10–13 m².
Dei fleste bur på dobbeltrom, men me gjer unntak ved spesielle behov eller praktiske årsaker.

Når elevtalet er høgt, brukar vi også internatet i 2. etasje i hovudbygget med 5 totalrenoverte dobbeltrom. Eit rom har eige bad, medan resten deler eit felles toalett- og dusjrom med tre toalett og tre låsbare dusjar. Det er også vaskemaskin og tørketrommel her.

Søk om skuleplass

Fellesareala

Til saman skapar desse bygga eit levande og inspirerande miljø – skulebygg full av aktivitet, musikk, fellesskap og nye opplevingar kvar dag.

Hovudbygget

I Hovudbygget finn du rektor og administrasjonen, undervisnings- og øvingsrom for brassbandlinja – og akkompagnatøren som kjem ein gong i veka. Stipendiatane har eige rom i kjellaren, medan øvste etasje blir brukt som internat når vi har mange elevar, samt at det er to undervisningssalar der.

Les mer

Digitalen

I «Digitalen» finn du moderne studio, og «Storsalen» samlar oss til både små og store konsertopplevingar. Verkstaden sørgjer for at alt er vedlikehalde på skulen.

Les mer

Tekstilen

I «Tekstilen» ligg datalaben, utstyrt med Mac-ar og ei rekkje kreative program. På «Loftet» her finn du mange undervisnings- og øvingsrom for vokal. I kjellaren i same bygg ligg dei såkalla “bomberomma” – øvings- og undervisningsromma til «Rytmisk musikk».

Les mer

Internatet

I internatet finn du altså hjartet i Manger: kjøkkenet. Her blir all den gode maten laga før den vert servert i matsalen. Etter kl. 22, når undervisningsromma stengjer, er matsalen/peisestova òg ein naturleg samlingsplass der mange slår av ein prat, speler spel eller tek ein kopp te før kvelden.

Les mer

Annekset

«Musikk, bu og fritid» har sitt eige undervisningsbygg «Annekset», med kjøkken til matlagingstrening og eigne rom der elevane kan øve musikk i fred og ro.

Les mer

Storsalen

I Storsalen ligg konsertscena vår – brukt til både små og store framsyningar for alle linjene. På loftet her finn du Analogen, eit rom for musikkproduksjon, medan kjellaren rommar eit stort treningsrom med tredemøller og vekter. I tillegg har brassbanlinja eit eige kornettrom. Storsalen husar òg ei mengd instrument som alle linjene kan nytte seg av.

Les mer

Ordensreglar

Ro i internatet

Det skal vere ro i internatet kl. 23.00, men peisestova er open dersom ein ynskjer å nyte kvelden litt lenger. På same tid vert også inngangsdørene låste, men elevane kan bruke sitt eige nøkkelkort til å komme seg inn.

Rusfritt miljø

Skuleområdet er eit rusfritt miljø. Det er difor ikkje tillate å bruke, oppbevare eller vere påverka av alkohol eller andre rusmiddel på skulen.Dette forbodet gjeld òg på alle turar og arrangement som skulen står for.

Fråvær

Det er pliktig frammøte til alle undervisningstimar og andre obligatoriske aktivitetar. Skulen følgjer den vanlege 10 % fråværsregelen, og fråvær utover dette kan få konsekvensar.

Norsk lov

Ingen handlingar som bryt norsk lov, verken på eller utanfor skulen sitt område, vil bli tolererte. Elevar som blir funne skuldige i lovbrot, kan bli utvist – anten mellombels eller for resten av skuleåret.

Økonomisk forpliktelsar

Alle elevar pliktar å oppfylle sine økonomiske forpliktelsar overfor skulen. Manglande betaling kan medføre utvising for resten av skuleåret. Elevar må vere à jour med skulepengane for å ha rett til å vere med på studieturar.

Reglar og rutinar

Alle elevar plikter å følgje skulen sine reglar og rutinar for bruk av skuleområdet, undervisningslokale, internat, inventar og utstyr.

Felles ansvar og reinhald

Korridorvask

Reinhald av korridorane på internatet må utførast kvar tysdag og fredag. Det blir set opp ei oversikt over kven som har ansvar dei ulike vekene. Den som står på lista, vel sjølv når på dagen vaskinga blir gjord – men må hugse å kvittere etter utført arbeid.

Kjøkkentjeneste

Det å bu på internatskule inneber pliktar – men òg verdifull læring. Kjøkkenteneste er noko alle deltek i.Det blir set opp ei liste med tre elevar per veke, som saman har ansvar for kjøkkentenesta den aktuelle perioden.

Romvask

Er du vand til å halde orden på rommet ditt? Det må du òg gjere på internatet. Elevane har sjølv ansvar for at eigne rom og bad er ryddige og reine.
Kvar onsdag kl. 09.30–10.30 er det romvask, og internatleiar gjennomfører inspeksjon same dag. Sengetøy blir levert til vaskeri annakvar veke.

Klesvask

Det å bu på internat betyr òg å lære seg dei praktiske tinga i kvardagen – som å vaske eigne klede. På internatet i 1. etasje finn du to vaskerom og to tørkerom som står til disposisjon for elevane. Desse kan nyttast fritt fram til nattevakta låser dørene.