Flott NM helg i Brass 2026

Først vil vi gratulera Eikanger-Bjørsvik Musikklag så mykje som vinnarar av NM Brass 2026, og som dermed sikrar seg plass i EM i Montreux i Sveits.
Vi vil òg gratulera Manger Musikklag med ein sterk 2. plass, og Stavanger Brass Band med 3. plass i elitedivisjonen.
For ei helg det har vore – mykje folk, liv og røre i Grieghallen. I tillegg til at alle brassbandelevane våre har delteke på NM, har både rytmisk- og brassband-elevar hjelpt til med å stå på stand. Her har vi møtt nye folk, kommande elevar og gamle elevar.
I tillegg til elitedivisjonen konkurrerte heile fem divisjonar. Nokon vinn, nokon rykkjer opp, nokon rykkjer ned, og nokon held plassen sin. Felles for alle er musikkgleda.
Som nokre elevar på skulen samanfatta om NM:
«Mykje øving, blod, sveitte og tårer. Litt skummelt, men sjukt gøy!»
Vi vil gratulera alle med imponerande innsats. Manger folkehøgskule samarbeider både med Eikanger-Bjørsvik Musikklag og Manger Musikklag, og vi er veldig imponerte over arbeidet deira.
Vi har både elevar og tilsette som har delteke i NM Brass 2026, og vi er stolte av å kunna løfta fram breidda i engasjementet vårt:
- Eikanger-Bjørsvik Musikklag: éin tilsett og éin elev som musikarar, samt ein sterkt involvert rektor
- Bjørsvik Brass: to tilsette
- Manger Old Star: to tilsette
- Vår tilsett Margie S. Antrobus dirigerer Flesland Musikklag og Laksevåg Musikkforening
- Vår tilsett Jane G. Westervik dirigerer Tertnes Amatørkorps, i tillegg spelar to elevar
- Manger Musikklag: éin elev
- Krohnengen Brass Band: éin elev
- Bergen Brass Band: tre elevar
- Radøy Brass: fire elevar
- Follesø Musikklag: to elevar
- Kleppe Musikklag: to elevar
- Oster Brass: to elevar, og med rektor som styreleiar
Med andre ord:
Vil du utvikla deg innan musikk og brass, er Manger folkehøgskule staden for deg 🎺✨
Vi har starta opptaket – og vi ventar på deg!