NM Brass 2026 i Grieghallen

Manger folkehøgskule på plass i Grieghallen!
Gjer dykk klare for NM Brass 2026 – ei heil helg fylt med intens musikkglede, imponerande prestasjonar og ekte musikalsk lidenskap! 🎶
Opplev dei beste brassbanda i Noreg når dei samlast til norgesmeisterskap i Grieghallen.
Både tidlegare og kommande elevar deltek med korpsa sine. Noverande elevar konkurrerer både saman og mot dei tilsette på skulen. Dette blir ei forrykande helg! 🎶🔥
Du finn oss på stand i Grieghallen frå fredag 6. februar. Kom gjerne innom for ein prat om musikk, brass og korleis det er å gå på folkehøgskule.
Me gler oss – håpar me ser deg der!