Lyden av Manger
Sjå for deg ein velstelt skuleplass, omkransa av trivelege hus. Lukk augene og høyr! Fjerne messinginstrument, lav bass, lys song, og vatnet sin barske straum. Det er lyden av Manger Folkehøgskule.
Passe stort, passe lite. Passe mange elevar. Passe nært Bergen. For deg som skal langt med interessa di, og for deg som ikkje skal nokon stad, berre læra meir. Ein god lærar treng du uansett.